Sjernarøy-viså (Sjernarøyvisa)

Her er et opptak fra en øving med ungene på skolen på Sjernarøy.

Og under er en fil bare med musikken for den som vil synge selv.

tekst: Kolbjørn Hauge, melodi: Nils Trygve Hauge

Rettskrivinga er slik Kolbjørn gjorde det.

1)

Viss du vil låna meg øyra, så ska du få høyra om det finaste landskap i fylket her vest;

om di øyane sju der me øybuar helst vil bu, for her e plassen der me liga oss best.

Der solå ofta skine,  der alle jentene e fine, der alle ongar får harde pakkar onna treet te jul:

di hede Hidle, di hede Talgje, di hede Helgøy, di hede Bjergøy, di hede Aubø, di hede Kjørkjøynå og Tjul.

2)

For mange tusen år si på ei fine, varme årstid, ein liden flåde med skinnbådar stevna mod strand.

Om bord va kvinnfolk og karar, og der va morer og farar, og masse ongar – di ville finna seg land.

Og frami bauen på den fyste båden der sad sjefen for den litle flåden, men plutselig så reiste an seg og sett’i eit ul:

Sjå! Der e Hidle, der e Talgje, og der e Helgøy, der e Bjergøy, og der e Aubø, og der e Kjørkjøynå og Tjul!

3)

Og då stanste di så rodde, og folk i bådane sad og glodde, og alle såg det sama så høvdingen hadde sett.

Og di blei sjeleglad i brystet då di forsto at di va di fyste, for alle skjønte at høvdingen hadde rett:

«Her kan me fiska, her kan me fanga, her finst det meir enn me kan forlanga, her e det havner der alle bådar kan liggja i skjul:

både på Hidle og på Talgje, og på Helgøy og på Bjergøy, og på Aubø, og bortpå Kjørkjøynå og på Tjul!»

4)

Ja, så padla di seg te land, då, og någen lurte vel lidegrann på om den øynå di hadde valt seg va den finaste av di sju.

Di bygde hus og di laga bådar, og di streva på alle mådar, for nå va di komne fram der di ville bu.

Og fangst og fiske ga mad på bordå, og di lærte seg te dyrka jordå, slig atte lammå blei feide og fløyden blei gul,

både på Hidle og på Talgje, og på Helgøy og på Bjergøy, og på Aubø, og bortpå Kjørkjøynå og på Tjul.

5)

Og nå for tidå e alt i gjenge, me har det mesta av det me trenge, sjøl om andre kan synast at her e det litt smått.

Men me jobba og me streva for at alle ska kunna leva, og di så bur her og di så kjem her ska ha det godt.

Me frakta post og passasjerar, me frakta varer, me frakta verar, me frakta allslags så folk har brug for – på kjøl og på hjul;

me ifrå Hidle og frå Talgje, og me frå Helgøy og frå Bjergøy, og me frå Aubø og ifrå Kjørkjøynå og frå Tjul.

6)

Og me har maritim, me har butikkar, og me har frodige botanikkar, me dyrka jord og me syng’i kor og me slakta fisk og me gjer’så mangt.

Me har ein skule der alt fungera, og me kan krangla og diskutera, for fram te enighed så kan det vera litt trangt.

Den gamla kjørkjå vår hu e fine, og der kan alle møda fram med sine, få høyra gudsord og syngja salmer te søndags og te jul;

både frå Hidle og frå Talgje, og frå Helgøy og frå Bjergøy, og ifrå Aubø, og ifrå Kjørkjøynå og frå Tjul.

7)

Men viss någen sko prøva på å komma te oss og røva, og bruga maktå for å ta frå oss det me meina e vårt.

Ja, då kan det vel henda at di så prøve seg, ska få kjenna: at det finst modstand i ein Sjydnarøy-mort.

Då ska me møda di i strandå, så ska me pikka di litt i pannå, og seia med di at nå må di ta det litt kul,

me ifrå Hidle og frå Talgje, og me frå Helgøy og frå Bjergøy, og me frå Aubø, og ifrå Kjørkjøynå og frå Tjul.

8)

Men ett ord før di drar tebage: Me vil så gjerna ha di med på laget, for i ett småsamfunn der trenge me all den støtta så me kan få;

og alle lærte seg vel forresten av både læraren og av presten at di sterkaste ska hjelpa di små.

Då vil me oppnå det positive at me blir venner for heila livet, og di kan festa i samen – te jonsok og te jul –

med oss frå Hidle og frå Talgje,og oss frå Helgøy og frå Bjergøy, og oss frå Aubø, og oss frå Kjørkjøynå og frå Tjul.

 

………………………………………………………………………………………………….

 

 

Alfred Hauge har skrevet «Sjernarøysongen». Den har vært nasjonalsang på Sjernarøy i generasjoner:

SJERNARØYSONGEN

Tekst:  Alfred Hauge                                                         Tone:  Mens Nordhavet bruser.

 

1.

Her bårar den blånande Bokna-fjord

med song kringom Sjernarøy-strender.

Han femner vår heim og vår odelsjord

som veks under trufaste hender.

Det duvar aks over åkermold,

og kløver angar på eng og voll.

 

2.

Her sleit våre fedrer frå gamalt av

seg fram gjennom tidene tunge.

Og når dei fann kvile til sist i grav,

stod sterke i striden dei unge.

Og alltid etter ei trengslenatt

kom dagen fager med solskin att.

 

3.

Her sprang vi som småborn med lått og gråt

og leika ved strand og i skogen.

Og her styrde far vår sin fiskarbåt

og streva med spaden og plogen.

Og stova heime var kongeslott,

der mor var dronning og far var drott.

 

4.

Så kallar vår heimbygd på oss i dag,

og måtte vi vakande finnast

som nordmenn å stå under krossmerkt flagg

i alle dei slag som skal vinnast!

Då adlast folket frå tid til tid

og gjerast dugleg til livsens strid.

 

5.

Ja, her vil vi byggja og saman bu

i dagar som enno skal renna,

og vardane tenna for von og tru,

og be at dei klåra må brenna

og visa veg for den unge ætt

å ferdast fagert og leva rett.

 

 

.

Ved internettsøk kommer du også hit hvis du søker på Sjernarøyvisa eller Sjernarøy-visa.